Intervju eg gjorde ein gong for Flamme forlag

Unknown

Abstract: In this essay I write about my favourite book shops. It’s called The Norwegian Book Town and is located in Fjærland, West Norway. I indirectly stress how the powerful landscape surrounding it gives an experience of the literature as a play of meaning both inside and outside, superior to and dominated by nature.

Sidan eg nettopp har vore hos familien min i Sogn, har eg vore innom bokbyen i Fjærland fleire gonger. Det er nok min favorittbokhandel. Eit antikvariat, eller egentleg er det to, med god oversikt og rikt utval.

Eg hugsar eg fann ei bok med bilete av Jane Mykle, kona til Agnar, på omslaget, ei portrettbok skriven av Alf van der Hagen. Det er ikkje så mange stader ein kan finne slike nisjebøker frå eit par tiår tilbake, iallfall ikkje ute på landet. Boka med tang-grønt omslag og ei rynkete, forsiktig smilande dame, likna på noko som var skylt opp frå fjorden, furete som drivved og farga av sjøgraset. Den passa godt inn blant gamle bøker i eit vêrbite landskap. Det å ha ein bokhandel slik midt i naturen og i gamle bygningar der breen har greve seg fram i terrenget, minner meg på at språket er noko vi har fått overlevert og skal handsame med visdom, medan bøkene er våre fotnotar til uutgravde romanar, for å alludere ein annan forfattar eg har funne rike verk av i denne bokbyen. Eg har funne sjeldne godbitar her, som Geir Gulliksens «Steder: på torget» samt signerte utgåver av Gunvor Hofmo sine diktverk for ein femtilapp. Så skal du vestover er denne plassen vel verdt eit besøk. Den ligg rett nok godt utanfor allfarveg, midt mellom Bergen og Ålesund. Men ein må jo gå dei lange vegane for å finne dei beste turane. Alt for mange tek snarvegar med Hislop og Nesbø frå Ark og Norli.

I filmen «Reprise» frå 2006 ser vi eit glimt av ein epoke frå dei to hovudpersonane si ungdomstid. Foreldrene til ein av gutane befann seg då på vestlandet, får vi vite, og sonen brukte alle lommepengane på bøker. Dei gamle Lanterne-omslaga, korridorane, samnt nevninga av vestlandet gjorde kanskje at eg forveksla bokhandelen i filmen, som ved nærare ettersyn truleg er ein hovudstadsbokhandel, td. Bislett bok, med bokbyen i Fjærland. Men kva gjer vel det når ein snakkar om ein film viss røyndom stort sett blir representert gjennom flyktige minneglimt frå hukommelsens upålitelege kjelde. I mine eigne ungdomssomrar fekk eg imidlertid mine første minne frå den ovanfor nevnte bokbyen. Vi pleide å stoppe kjapt og sjå gjennom hyllene på utsida der ein sjølvbetjent kunne plukke med seg bøker for ein tiar. Seinare gjekk eg inn i lokala og oppdaga litteraturens større gleder gjennom endelause rekkjer av bøker i dei fleste sjangrar.

Image

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s